I haust er det tre ulike siderar som står og godgjer seg i boden min.

Fonnelandsider 2021

I år som i fjor har Yngve Fonneland Bu levert kvalitetsråsaft frå Hardanger.

Nøkkelinfo:

25 liter

85% Aroma og 15% Bramley

11g Nottingham High Performance Ale Yeast (Saccharomyces Cerevisiae)

OG: 1,060

Det heile var sett ut i boden, der temperaturen er maks 10-12 grader no i den mørke årstida.

Reinholtsen Ice

I år fekk eg levert 9 liter epleråsaft frå min gode ven og kollega Karen K. Reinholtsen. Eplene var henta frå hennar sommarstad i Skånevik, og safta vart levert i frossen tilstand. Den første safta som tinte var konsentrert og med intens eplesmak. Etter at 20% av safta var tint, sette denne til gjæring i boden.

Nøkkelinfo:

1,8 liter

Hageeple frå Skånevik

11g Nottingham High Performance Ale Yeast (Saccharomyces Cerevisiae)

OG: 1,080

Reinholtsen Light

Det resterande vart også tilsett gjær, med mål om ein lettare sidervariant.

Nøkkelinfo:

7,2 liter

Hageeple frå Skånevik

5 g SafCider AB-1 gjær

OG: 1,060