Då har eg vore og henta ein ny dunk med råsaft av eple hjå Yngve Fonneland Bu i Hardanger. Denne gongen var blandinga 90% elstareple og 10% av eplesorten Bramley.

Elstareple er søte. Bramley tilfører syre. Blandinga vart tilsett svovel, 1 gram per 10 liter råsaft, for å hindra oppvekst av uønska mikroorganismer. Til mine 25 liter vart det difor tilsett 2,5 gram svovel (sulfitt). Svovelen fekk verka i eit døgn før tilsetjing av gjær, 11 gram Nottingham high performance ale yeast. Deretter vart dunken sett ut i uteboden, der temperaturen på det tidspunktet (26. november 2023) låg like over null grader. Planen er å la det godgjera seg der igjennom vinteren og våren.

Utpå seinvinteren hadde det framleis ikkje skjedd noko i gjæringskaret. Truleg hadde svovlinga tatt knekken på gjæren. Heldigvis var eplesafta framleis god, og det vart igjen tilsett 11 gram Nottingham high performance ale yeast. Det fekk fart på gjæringsprosessen, og tapping skjedde i august 2024. Sideren vart lagra på corneliusfat og tilsett CO2. Det forventast at sideren vert betre di lenger den får stå, mellom anna grunna autolyse (opplysing av restar av gjær) og malolaktisk fermentering (utvikling av mjølkesyre).

OG: 1,050

FG: 1,00

Alkoholstyrke 6,5%