Det finst så å seie ingen vitskapleg litteratur på splittkroner. Difor vert det litt «my way dentistry». Eg har behandla fleire pasientar med denne teknikken, og erfaringane mine er gode. Splittkroner kan vera nyttige å bruka når ein skal reparera eller utvida eksisterande konstruksjonar.
Eg vel å illustrera teknikken med 4 pasientkasus. Alle pasientane har samtykka til publisering.
Kasus 1
Denne pasienten tok kontakt på grunn av fasadefraktur på tann 21. Frakturen var tidlegare forsøkt reparert med kompositt, men det var utfordrande å få til eit varig og estetisk akseptabelt resultat. Difor vart det preparert for ei «sadelkrone», med splitt mesialt og distalt.

Kasus 2
Denne pasienten hadde stor slitasje på si MK-bru. Ved preparering vart det behalde litt keram cervikalt, for å hindra at denne delen av prepareringa vart liggande i undersnitt. Slitasjen indikerte at det var store incisale krefter i sving. Difor vart det avgjort å legga metall palatinalt, heilt opp til incisalkanten.
Kasus 3
Denne pasienten hadde ein ustabil front, og det var ønskeleg å involvera 3’arane i ein ny brukonstruksjon. Både 13 og 23 inngjekk i eksisterande brukonstruksjonar. Difor vart det laga splittkroner på desse to tennene. Prepareringsavslutninga var i dette tilfellet lagt cervicalt for den opphavelege restaureringa.


Kasus 4
Hjå denne pasienten var det ønske om å erstatta tapt tyggeflate i 4.kvadrant. 46 var framleis intakt. I underkjevens front hadde pasienten ei bru, der tann 43 var bakarste tann. Det vart laga splittkrone på 43, medan 46 vart preparert som ei vanleg pilartann.

OBS! Det er viktig å ikkje svekka bindeleddet («connectoren») ved preparering til splittkrone!