Sitronkylling

Dette er kjapp kvardagsgourmet frå Stange.

Marry me chicken

Denne fekk me servert av vår gode veninne Astrid. Eit fantastisk måltid, som slo an hjå sjølv dei mest kresne blant oss.

Rogan Josh

Klassisk lammerett ifrå India. I staden for å la det koka på kokeplate, set eg heile panna i steikeomnen og let det godgjera seg der i ein par-tre timar på 120 grader.

Tunfisksalat

Mi oppskrift er basert på denne frå Mills, men eg skrur det heile til eit hakk ved å tilsetja chili.

Pasta al limone

Om du likar det hot, salt og syrleg, er dette pastaretten for deg.

Koreansk bulgogi

Denne smakar fantastisk. Eg har laga den med heilsteikt indrefilet, men det er kanskje litt råflott.

Korean Beef

Dette er ein slags kvardagsvariant av den føregåande retten – kjapp og god!

Carnitas

Oppskrifta mi er basert på denne frå godt.no ved Kristoffer Kaayne Kaalsaas, men eg har tilsett meir smak i form av chili og salt. Server med det vanlege tacotilbehøret, gjerne maisstuing, tomatsalsa, guacamole og frijoles refritos.

Krema suppe med kylling og pasta

Denne suppa er i følge familien min «heilt grei». Eg synest den er god. Ekstra god vert den om ein strør litt chiliflak over suppa.

Potetsuppe med sprøsteikt spekeskinke

Denne suppa er kjapp og smakfull. Originalen har bacon, men eg gjer den litt sunnare ved heller tilsetja sprøsteikt spekeskinke. Eg legg skiver med spekeskinke utover eit bakepapir og steiker det på rist i omnen på 190 grader varmluft til skinka vert tørr og sprø. Deretter knuser eg skinka og drysser den over suppa.

Birria Taco

Det finst mange fancy variantar av birriataco, gjerne med tre ulike typar chili som ein må i spesialbutikk for å få tak i. Denne varianten frå Meny er litt enklare. Eg brukar meir ost og mindre Jalapeño enn det som står i oppskrifta, og serverer den gjerne med maisstuing, tomatsalsa, guacamole og frijoles refritos.

Påskehjorten

Dei siste åra har me fått hjortefilet i julegåve. Det er blitt ein tradisjon å fortæra fileten i påsken. Eg serverer vanlegvis fileten med ovnsbakte potetar, søt viltsaus, sellerirotpuré og brokkoli. Dette er verkeleg eit festmåltid!

Pepparbiff med løk- og konjakksaus

Nok ein gong er eg vorten inspirert av Lise Finckenhagen. Originaloppskrifta ligg her. Kjapp og god biffmiddag!

Bestemorpotetar

Eg har prøvd å gjenskapa ein av favorittane frå mi engelske bestemor. Trikset er å koka potetane først, og deretter gje dei steikeskorpe i omnen.

Waldorfsalat

Frå svigermor Nelly sitt kjøkken.

Nyttårskalkun

Sitronstuffing, appelsinsaus og heilsteikt kalkunfilet. Oppskrift på saus og stuffing har eg fått ifrå systera mi, Heidi Reisegg Endal. Oppskrift på kalkunfilet er henta frå godt.no ved Lise Finckenhagen.

Festbiff

Tomatsalat, cognacsaus og heilsteikt indrefilet.

Vegetar tikka masala

Me prøver å få i oss litt vegetarmat, og denne har slått godt an.

Daal

Daal er ein enkel og god indisk vegetarrett.

Sataywok

Ulempa med kål er at du som regel må kjøpa eit heilt kålhovud, men berre brukar litt av det. Denne og dei to neste oppskriftene inneheld kål, og hjelper godt om du har eit heilt kålhovud du skal gjera kål på.

Vårrullar

Ein annan variant med kål. Desse vårrullane kan ein laga utan bruk av frityrgryta. Tilsett gjerne glassnudlar også.

Lasagne med kål

Ein tredje kålvariant. Eg lagar vanlegvis denne lasagnen som vegetarrett, der eg bytar ut kjøtdeigen med ein boks tomatbønner. Retten vert best om ein først kokar kålblada i lettsalta vatn i 10-15 minutt. Skjer vekk dei grovaste stilkane i kålblada.

Koreansk sesamkylling

Dette er ein snill variant av korenask BBQ, basert på lett tilgjengelege råvarer. Det er ikkje alltid eg tek meg bryet med å frityrsteika kyllingen. Sausen er god uansett – faktisk så god at eg lagar dobbel porsjon. Eg likar det litt sterkt, og tilset gjerne litt chili. Denne retten fungerer bra med strimla biffkjøt også.

Nasi goreng

Nasi goreng er ein kjapp og smakfull asiatisk matrett.

Svinefilet i pho

Eg har vore so heldig at eg har fått reist på rundtur i Vietnam, og den nydelege maten var noko av det som gjorde mest inntrykk. Denne suppa har ein vietnamesisk schwung, og er ein sikker vinnar i vår familie.

Asiatiske dumplings

Asiatiske dumplings med dip var det eldstedottera vår som laga første gongen i vår familie. Ho skulle på speidarleir, jamboree, i Sør-Korea, og ville prøva litt koreansk mat før avreise. Me lagar vanlegvis ikkje deigen sjølv, men kjøper ferdige sirkulære flak med filodeig. Hjå oss vert dumplings dampa, ikkje steikt.

Sataykylling

Kylling satay med peanøttsaus og mangosalat er ein klassikar frå Trines matblogg. Den gjer stor suksess både til kvardags og fest.

Hjortegryte

Då eldstejenta vår vart 18 år, fekk ho ein fryseboks full av hjortekjøt. Grytekjøtet gjer seg godt i denne hjortegryta.

Kylling med kvitløk og spinat

Ein saus med kvitvin, kvitløk og fløyte gjer denne retten til ein av våre absolutte kyllingfavorittar.

Biryani med lam

Lammekjøtdeig er billig og godt, og det kjem til sin rett om ein lagar ein enkel biryani med lammekjøtdeig.

Kyllingfilet i form

Dette er ein enkel kvardagsfavoritt med overraskande mykje smak. Det kan vera gunstig å varmebehandla løk og paprika litt i steikepanna før den går i omnen ilag med kyllingen.

Laks med kvitvinssaus

Laks med kvitvinssaus er ein litt eksklusiv variant med nydeleg kvitvinssaus. Eg steiker laksen i ovn og silar av løken ifrå sausen. Sist serverte eg laksen med brokkolini og kokte potetar, og det fall i smak hjå ungane.

Biffgryte med øl

Perfekt mat etter ein lang tur i fjellet. Om ein gjer unna det meste kvelden før, treng denne gryteretten berre oppvarming når ein kjem heim frå tur. Server gjerne med mandelpotetar, som kan mosast inn i sausen. Familien min kan styra si begeistring for sopp. Neste gong kokar eg soppen heil, og plukkar den ut av gryta før servering.

Biff Stroganoff

Gryterett i same gate som den føregaånde. Også her tek eg ut soppen før servering, av familiære omsyn.