Om meg

Eg vart utdanna tannlege i Bergen i 2000. Eg har allsidig erfaring som assistenttannlege i privat praksis i Tromsø og Ålesund, og som praksiseigar i Bergen. Sidan 2008 har eg vore fast tilsett i deltidsstilling som instruktørtannlege ved Universitetet i Bergen. I 2023 tok eg min spesialisteksamen i oral protetikk. Same år selde eg tannlegepraksisen min etter 13 års drift. Eg er for tida tilsett i 50 % stilling som spesialist ved Tannhelsetenesta sitt kompetansesenter, Vestland, og 50 % ved Institutt for Klinisk Odontologi ved Universitetet i Bergen.

Kontakt: kjetilreisegg@gmail.com

Kjetil Reisegg

Protetiske kurs og førelesingar

25. mai 2023 tok eg min spesialisteksamen i oral protetikk. Eksamensførelesinga «sementering av protetiske konstruksjonar» tek eg med meg vidare som innslag på faglege møte. Eg held gjerne kurs og førelesingar om ulike protetiske tema.

Logg, protetiske kurs og førelesingar:

6. januar 2024: «Topprestaurering på rotfylte tenner», Geiloseminaret for universitetstilsette.

13. januar 2024: «Sementering av protetiske konstruksjonar», Vestlandsmøtet 2024.

14. mars 2024: «Tips og triks ved behandling av protesepasientar», digital fagdag for tannhelsetenesta i Vestland fylke.

Fotokurs for tannhelseteamet

Kurstittel: Fotokurs for tannhelseteamet.

Målsetjing: Å hjelpa tannhelseteamet med å gjera fotodokumentasjon til en integrert og naturlig del av den kliniske kvardagen, samt å inspirera til bruk av fotoapparatet også utanfor klinikken.

Kursplan: Klinisk fotodokumentasjon vert stadig meir viktig. Kurset tek føre seg alle sider ved klinisk fotografering, frå grunnleggande fototeori til praktisk klinikk. Det er rikt illustrert med både kliniske og ikkje-kliniske bilete, til informasjon og inspirasjon for tannhelseteamet. Etter den teorietiske delen vert det rom for praktiske tips og øvingar for dei som ønsker det. Total kurslengd er cirka 3 timar, inkludert praktiske øvingar.

Målgruppe: Heile tannhelseteamet.

Kurset tel 3 timar i NTF sitt etterutdanningssystem.

Logg, fotokurs:

28. mai 2016: Loenmøtet.

11. november 2016: Bergen tannlegeforening.

17. januar 2017: NTF’s januarkurs, Oslo.

5. april 2017: Stavanger tannhelsedistrikt, TK-Vest.

22. februar 2018: Rogaland tannlegeforening, Stavanger.

28. august 2018: Oslo tannlegeforening.

14. mars 2019: Haugaland tannlegeforening.

26. november 2019: Rana tannklinikk, Mo i Rana.

26. februar 2020: Christiania tannlegesenter, Grønland, Oslo

11. mai 2021: Trøndelag tannpleierforening (på Zoom)

14. juni 2023: Internkurs for tilsette ved Institutt for Klinisk Odontologi, UiB

6. september 2023: Hedmark tannlegeforening, Hamar

10. april 2024: Haugesund spesialistklinikk, tannhelse Rogaland

26. april 2024: Norsk Kjeveortopedisk Forening, Vårmøte i Bergen

Publikasjonar

Giertsen E, Reisegg K, Guggenheim B. Effects of Caseinoglycomacropeptide, Micellar Casein-Based Drink, and Renneted Milk on Acid Formation by Dental Plaque. Caries Res 2000; Volum 34 (4): Abstract 38, s. 321.

Øilo M, Kvam K, Reisegg K et al. The Effects of Margin Curvature on Load at Fracture of Ceramic Crowns. Int J Prosthodont. 2015; 28: 357 – 9.

Reisegg K. Praktisk klinisk fotografering. Nor Tannlegeforen Tid. 2016; 126: 138-141

Reisegg K. Tøff topptur på Loenmøtet. Nor Tannlegeforen Tid. 2016; 126:

Reisegg K, Schriwer C, Øilo M. Zirkonia som dentalt keram. Nor Tannlegeforen Tid. 2017; 127: 324-9

Strand GV, Nesse H, Reisegg K, Isdahl MH, Kvalheim SF. Bridge over troubled water – om broreparasjoner med retrograd fremstilte rotstifter. Nor Tannlegeforen Tid. 2022; 132: 250-3

Interessert i kurs?

Eg held kurs og fakturerer NTF etter sine standardtakster gjennom firmaet mitt, Tanntann as. Ta gjerne kontakt på kjetilreisegg@gmail.com.