Dette vert min tredje batch med sider. Denne gongen har eg lest meg opp i Thomas Horne si informative, vakre og gjennomarbeida bok «Om sider». Eplesafta er levert av eplebonde Yngve Fonneland Bu i Hardanger.

25 liter epleråsaft, samansett av 4% Bramley, 25% Aroma og 71% Elstar.

5 liter vart sett til sides for spontangjæring.

20 liter vart pasteurisert, dvs. varma opp til 82 grader og halde der i rundt 1/2 minutt.

Deretter vart det kjølt ned til like under 10 grader og tilsett Nottingham Ale Yeast (Saccharomyces cerevisiae).

Det heile vart sett ut i boden. Utetemperaturen er for tida mellom 0 og 10 grader.

Når SG’en var på 1,010 valde eg å stikka om sideren, med påfølgande kaldkrasjing. Det vil seie at eg lot sideren få nokre døgn på maksimal kjøling i kjøleskapet. Dette stoppa gjæringsprosessen og lot meg behalda noko restsødme.

OG: 1,056

FG: 1,008

Alkoholstyrke 6,3 %