Foto
700 gipsmodellar
Slik ser det at når cirka 700 gipsmodellar vert stilt opp på rekke og rad. Her ligg det det mykje tannhistorie, frå gebiss til implantat, frå erosjonar til tannbleiking, frå bittkollaps til heilkjevebruer. (meir…)
Foto
Doggfriskt
Etter fleire dagar med frost og finevêr vakna eg opp til overskya. Fotomotiva var ikkje borte av den grunn. Gras, strå og blad var dekka av doggdråper. Eg henta fram 105-millimetaren, den eg gjerne nyttar ved klinisk fotografering, gjekk tett på og fekk foreviga nokre av dråpene. (meir…)
Foto
Morgondis over Lustrafjorden
Køyrde langsmed Lustrafjorden i dag. Disen låg fint over fjorden, så eg måtte berre stoppa bilen og prøva å foreviga stemninga. (meir…)
Oppskrifter
SHC all-grain
Single Hop Citra all-grain. Før har eg brygga dette ølet på ekstrakt. No nyttar eg malt i staden for maltekstrakt. Resultatet er ein frisk og fin IPA. (meir…)
Foto
Opprørt sjø
Eld og bølgjer fascinerer meg. Her slår bølgjene mot ein molo i Vänern. Cirka 1 sekund lukkartid gjev ein fin effekt. (meir…)
Foto
Gjensyn med Tromsø
12 år etter at eg flytta derifrå fekk eg eit gjensyn med Tromsø, fem fine dagar i juni i år. Innimellom kurs og sosialt samvær fekk eg tid til å gå for meg sjølv rundt på Tromsøya, med kameraet over skuldra. Her er nokre av bileta: (meir…)
Foto
Fot(o)tur til byen
Familien traska seg ein tur til byen i dag. Knipsa litt på vegen, her er resultatet: (meir…)