Kanopadling for dei som vil 🙂

17. oktober 2020 arrangerer Mjølfjellkomiteen aktivitetsdag for 4.trinn ved Tennebekktjørna i Nipedalen. Dette vert vårt «plaster på såret» etter at Mjølfjellturen vart avlyst.

Koronatiltak:

  • Me prøver i størst mogleg grad å halda borna i dei same kohortane som på skulen, og gruppeinndeling til natursti vil skje på grunnlag av kohortane.
  • Born eller vaksne med luftvegssymptom kan ikkje delta på arrangementet.
  • Alle bør ha med eigen handsprit.
  • Alle må sprita av hendene sine før handtering av padleutstyret.
  • Ta gjerne med grillmat. Kjetil Reisegg står for sjølve grillinga.
  • Hugs at det beste smittevernet er god avstand.

Litt om opplegget:

Me startar kl. 13:00.

Natursti: Ungane vert delt inn i grupper av 5-10 born, avhengig av kor mange som er med. 5-6 ulike postar.

Kanopadling: Kommunen har eit naust med kanoar ved Tennebekktjørna. Dette har me fått tilgang til. Padleutstyr – inkludert flytevestar – får born og vaksne utlevert på staden. Kvar kano vil ha ein ansvarleg vaksen.

Grilling: Me tek med gassgrill. Kvar enkelt tek med det dei ønsker av mat. Ta også med eigen drikke.

Transport: Linje 16 går frå Bergen busstasjon til Nipedalen. Ta denne til siste stopp (Nipedalen).

Klede: Sjølv om vêret vert bra, kan det vera greitt med regnjakke/bukse og vanntette sko til bruk ved kanopadling.

Pris: Opplegget er gratis.

Påmelding: Følg denne linken for påmelding (ikkje bindande, berre for å hjelpa oss i planlegginga).