Eit eksperiment med referansar til den norske bryggetradisjonen. Her har eg henta sprakjekvistar (=einer) på Fløyen og hatt oppi ilag med meskevatnet. I tillegg er det mykje røykmalt. Sprakjekvistane vart lagt i før oppvarming og fjerna etter fullført mesking.
20 liter ferdig brygg:
3 kg Smoked malt – Weyermann (5 EBC)
2,8 kg Pale malt (2 row) (5,9 EBC)
270 g Munich malt (150 EBC)
225 g Cara-Pils/Dextrine (3,9 EBC)
10 g Pale Chocolate (675 EBC)
34 g Polaris (19,3 %) 60 min
30 g Fuggles (4,10 %) 5 min
Safale US-05 dry ale yeast (American ale yeast)
Mesking 90 minutt på 66,5 grader.
OG: 61
FG: 30