2 dl kremfløyte
2 dl lys sirup
3 dl sukker
2 ss meierismør
Ha fløyte, sirup og sukker i ei gryte. Kok opp under omrøring. La massen putra i ein times tid. Drypp ein dråpe med karamellmasse i kaldt vart. Om den stivnar, er massen klar. Ha i smør. Hell over i smurt langpanne. La avkjøla til du kan ta i med hendene. Ha olje på hendene og bearbeid massen. Lag «pølser», del opp, pakk i cellofan. Kos deg!