Om meg
Eg vart utdanna tannlege i Bergen i 2000. Eg har allsidig erfaring som assistenttannlege i privat praksis i Tromsø og Ålesund, og som praksiseigar i Bergen. Sidan 2008 har eg vore fast tilsett i deltidsstilling som instruktørtannlege ved Universitetet i Bergen. I 2023 tok eg min spesialisteksamen i oral protetikk. Same år selde eg tannlegepraksisen min etter 13 års drift. For tida delar eg arbeidsveka mi mellom Universitetet i Bergen og Tannhelsetenesta sitt kompetansesenter, Vestland. På UiB er eg seksjonsovertannlege i oral protetikk, og på kompetansesenteret jobbar eg klinisk med tilviste pasientar som spesialist i oral protetikk.
Kontakt: kjetilreisegg@gmail.com
Kursaktivitet
i 2016 heldt eg mitt første kurs for tannhelseteamet. Det skjedde på Loenmøtet, der eg fekk gleda av å halda eit halvdagskurs i klinisk fotografering. Sidan har det vorte 1-2 kurs i året. I det siste har kursaktiviteten auka og blitt utvida med nye protetiske tema. Ta gjerne kontakt for kurs eller førelesing. Både nye og gamle kurstema kan vera aktuelle.
– Kurs i avtakbar protetikk
Eg har utvikla eit kurs i avtakbare protesar. Kurset varar i cirka tre timar, inkludert praktiske øvingar. Kurset gir ein gjennomgang av viktige grunnprinsipp. Det vert gode tips og triks ved framstilling av avtakbare dentale heil- eller delprotesar, og eg går igjennom kliniske døme frå min protetiske kvardag. Ein summarisk gjennomgang av kursinnhaldet finn de her.
– Fotokurs for tannhelseteamet
Kurset tek sikte på å hjelpa tannhelseteamet med å gjera fotodokumentasjon til en integrert og naturlig del av den kliniske kvardagen, samt å inspirera til bruk av fotoapparatet også utanfor klinikken.
Klinisk fotodokumentasjon vert stadig meir viktig. Kurset tek føre seg alle sider ved klinisk fotografering, frå grunnleggande fototeori til praktisk klinikk. Det er rikt illustrert med både kliniske og ikkje-kliniske bilde, til informasjon og inspirasjon for heile tannhelseteamet. Etter den teoretiske delen vert det rom for praktiske tips og øvingar for dei som ønsker det. Total kurslengd er cirka 3 timar, inkludert praktiske øvingar. Denne teksten tek for seg dei viktigaste momenta frå kurset.
– 5 tips for klinisk fotografering
Dette er ein komprimert versjon av fotokurset, med mindre fototeori og mindre ikkje-kliniske bilde. Her er det komprimert ned til det ein treng aller mest: Innstillingar, posisjon, hjelpemiddel, det lille ekstra og øving/inspirasjon. Førelesinga varar i 30 minutt.
– Sementering av protetiske konstruksjonar
Dette var mi eksamesførelesing då eg vart spesialist i oral protetikk. Den tek for seg midlertidige sementar, vassbaserte sementar, sjølvadhererande resinsementar og tradisjonelle resinsementar. Førelesinga gir ein gjennomgang av eigenskapar og indikasjonar, slik at den enkelte klinikar kan gjera velgrunna val ved sementering av sine protetiske konstruksjonar. Førelesinga varar i 45 minutt.
Kurslogg
28. mai 2016: Fotokurs, Loenmøtet.
11. november 2016: Fotokurs, Bergen tannlegeforening.
17. januar 2017: Fotokurs, NTF’s januarkurs, Oslo.
5. april 2017: Fotokurs, Stavanger tannhelsedistrikt, TK-Vest.
22. februar 2018: Fotokurs, Rogaland tannlegeforening, Stavanger.
28. august 2018: Fotokurs, Oslo tannlegeforening.
14. mars 2019: Fotokurs, Haugaland tannlegeforening.
26. november 2019: Fotokurs, Rana tannklinikk, Mo i Rana.
26. februar 2020: Fotokurs, Christiania tannlegesenter, Grønland, Oslo
11. mai 2021: Fotokurs, Trøndelag tannpleierforening (digitalt)
4. november 2021: «Kliniske bilder i journal og på web» ilag med Christoffer Bjelland, Landsmøtet NTF 2021
6. september 2023: «Fotokurs for tannhelseteamet», Hedmark tannlegeforening, Hamar
6. januar 2024: «Topprestaurering på rotfylte tenner», Geiloseminaret for universitetstilsette.
13. januar 2024: «Sementering av protetiske konstruksjonar», Vestlandsmøtet 2024.
14. mars 2024: «Tips og triks ved behandling av protesepasientar», digital fagdag for tannhelsetenesta i Vestland fylke.
10. april 2024: «Fotokurs for tannhelseteamet», Haugesund spesialistklinikk, tannhelse Rogaland
26. april 2024: «Fotokurs for tannhelseteamet», Norsk Kjeveortopedisk Forening sitt vårmøte i Bergen
4. september 2024: «Fotokurs for tannhelseteamet», Søraust tannhelsedistrikt, Vestland fylke
18. september 2024: «Kurs i avtakbar protetikk», Sogndal og Gaupne tannklinikk
1. november 2024: «5 tips for klinisk fotografering», NTFs Landsmøte
1. november 2024: «Sementering av protetiske konstruksjonar», NTFs Landsmøte
5. november 2024: «Kurs i avtakbar protetikk», for privatpraktiserande tannlegar i Førde
5. november 2024: «5 tips for klinisk fotografering», for privatpraktiserande tannlegar i Førde
6. november 2024: «Kurs i avtakbar protetikk», for Førde tannklinikk (offentleg)
6. november 2024: «Fotokurs for tannhelseteamet», for Førde tannklinikk (offentleg)
12. november 2024: «Rehabilitering i estetisk sone», temakveld for NTF student, ilag med Torgils Lægreid og Christoffer Bjelland
Publikasjonar
Giertsen E, Reisegg K, Guggenheim B. Effects of Caseinoglycomacropeptide, Micellar Casein-Based Drink, and Renneted Milk on Acid Formation by Dental Plaque. Caries Res 2000; Volum 34 (4): Abstract 38, s. 321.
Øilo M, Kvam K, Reisegg K et al. The Effects of Margin Curvature on Load at Fracture of Ceramic Crowns. Int J Prosthodont. 2015; 28: 357 – 9.
Reisegg K. Praktisk klinisk fotografering. Nor Tannlegeforen Tid. 2016; 126: 138-141
Reisegg K. Tøff topptur på Loenmøtet. Nor Tannlegeforen Tid. 2016; 126:
Reisegg K, Schriwer C, Øilo M. Zirkonia som dentalt keram. Nor Tannlegeforen Tid. 2017; 127: 324-9
Interessert i kurs?
Eg held kurs og fakturerer NTF etter sine standardtakster gjennom firmaet mitt, Tanntann as. Ta gjerne kontakt på kjetilreisegg@gmail.com.