Foto
Tema: Dråper
Etter regnet legg dråpene seg som perler utover terrenget. Heile landskap kan skjula seg inne i ei dråpe, om ein ser nøye etter
Verda sett gjennom kameralinsa.
©Kjetil Reisegg
Etter regnet legg dråpene seg som perler utover terrenget. Heile landskap kan skjula seg inne i ei dråpe, om ein ser nøye etter
Gjennom eit heilt år har eg fotografert utsikta frå balkongen vår. Resultatet vart denne videoen:
Forfallet har sin eigen uforutsigbare estetikk. Gjennom mugg og mose, rust og råte tek naturen tilbake det menneskeskapte. Det er vakkert på sitt vis, synest eg. (meir…)
Gjennom vind og snøføyk gjekk me i nattemørkret over Vidden, utstyrte med ski, hovudlyktar og kamera. Ei flott oppleving! (meir…)
Eit sjeldan syn på våre breiddegradar, men i går dansa nordlyset over bergenshimmelen. Desse bileta tok eg heime på balkongen min på Landås: (meir…)
Eg kom akkurat heim etter tre dagar i København, den flataste hovudstaden i Norden. Der er syklane ein heilt naturleg og integrert del av bybiletet. (meir…)
Lett på tå står desse trea i Prestegardsmoen og skuar utover Vangsvatnet. Dei vitnar om at flaum ikkje er noko nytt fenomen på Voss. (meir…)
I dag kom vinterens første snøfall på Landås. Ungane fann fram dei nye skisparkesyklane. Eg fann fram kameraet og leikte meg med lang lukkartid. På enkelte av bileta har eg zooma under eksponering. Resultatet er uskarpe men fartsfylte bilete.