Tomatsalat, cognacsaus og heilsteikt indrefilet.

Tomatsalat

1 potte basilikum 

1-2 beger søte småtomatar 

½ raudløk 

1 pakke fersk mozzarella 

Riv av basilikumblad, del småtomatane i to, finhakk raudløk og del mozzarella i bitar. Bland alle ingrediensane saman i ein salatbolle

Dressing til tomatsalaten

6 ss god olivenolje 

4 ss balsamicoglaze 

1-2 fedd kvitløk 

Salt og pepper 

Bland saman olivenolje og balsamicoglaze. Tilsett pressa kvitløk. Smak til med salt og pepper. Bland dressingen inn i salaten. Pynt gjerne salaten med nokre striper balsamicoglaze. 

Cognacsaus

125 g smør 

4 ss tomatpuré 

3 dl kremfløyte 

1 toppa teskei sukker 

3 ts tørr rosmarin 

3 ss cognac 

Salt og pepper 

Smelt smør, tilsett tomatpuré, kok opp og la det koka nokre minutt. Tilsett kremfløyte, sukker, rosmarin og cognac. La sausen koka i 5 minutt. Smak til med salt, pepper og eventuelt litt meir cognac. 

Heilsteikt indrefilet

Reinskjer indrefileten for hinner og liknande. Fileten kan med fordel vera romtemperert. Krydre med rikeleg salt og nykverna pepper. Brun den raskt i smør i ei steikepanne til du får steikeskorpe over det heile. Steik vidare i omn på 180°C til kjernetemperaturen er 54°C. Bruk steiketermometer. La kjøtet kvila i 15 minutt før det delast opp. 

Server gjerne med Bestemorpotetar.

Categories: Festmat