Dei siste åra har me fått hjortefilet i julegåve. Det er blitt ein tradisjon å fortæra fileten i påskeferien. Eg serverer vanlegvis fileten med ovnsbakte potetar, søt viltsaus, sellerirotpuré og brokkoli. Dette er verkeleg eit festmåltid!

Fileten bør tas ut av kjøleskåpet nokre timar før ein startar tillaginga, slik at den vert romtemperert. Krydre med (Maldon-)salt og nykverna peppar. Brun kjøtet raskt på alle sider i smør steikepanne. Deretter går det i omnen på 125 grader til ein oppnår ein kjernetemperatur på 55 gradar. Deretter skal det kvila i minst 10 minutt.

Medan kjøtet står i omnen kan ein skrella, dela og koka potetar. Når kjøtet kviler overtek potetane omnen og ein skrur opp varmen på maks, gjerne med varmluft. Slik får ein gode Bestemorpotetar.

Søt viltsaus er ein naturleg følgesven til hjortekjøtet. Om ein dampar brokkoli, er ein sikra litt grønt til maten.

Eg serverer vanlegvis også sellerirotpuré til denne retten. Den kan gjerne lagast til på førehand og varmast i mikroen rett før servering. Det reduserer stresset.

God apetitt!

Categories: Festmat