Sitronstuffing, appelsinsaus og heilsteikt kalkunfilet. Oppskrift på saus og stuffing har eg fått ifrå systera mi, Heidi Reisegg Endal. Oppskrift på kalkunfilet er henta frå godt.no ved Lise Finckenhagen.

Sitronstuffing

1 kokt sellerirot

125 g loff, innmaten, smuldrast i blendar

100 g hakka cashewnøtter

1 ss sitronsaft + skalet, rive

2 piska egg

2 ss smelta smør

1 finhakka løk

1 ts salt

½ ts peppar (helst kvit)

1 ss fersk ingefær

2 ss sherry eller portvin

Køyr kokt sellerirot i blendar. Bland i resten av ingrediensane. Smak til med salt og peppar. Steik i brødform til den er fast og har gyllen skorpe.

Appelsinsaus

Saft frå 4 appelsinar

2 sjalottløk, finhakka

Smør

Brunt sukker

1-2 dl kvitvin

1 terning grønsakbuljong

1 kvast timian

Kremfløyte

Steik sjalottløk i smør. Strø over brunt sukker og la det smelta. Hell over 1-2 dl kvitvin og reduser noko. Ha i appelsinsaft. Reduser til halv mengd. Tilsett 1 terning grønsakbuljong. Køyr sausen fin med stavmiksar, og ha i ein kvast med timian. Kok eit par minutt og ha i kremfløyte mot slutten.

Kalkunfilet

1 stk. kalkunbryst, cirka 700 gram, helst med skinn

4 fedd kvitløk, ikkje skrelte

1 kvast estragon, ev. timian eller rosmarin

salt

peppar

olje, til steiking

smør, til steiking

Krydre brystet godt med salt og peppar. Knus kvitløkfedda med breisida av kniven. Varm ein klunk olje i ei steikepanne.

Brun brystet godt på begge sider. Brun eventuelt på skinnsida først til skinnet er gyllent og sprøtt. Senk temperaturen noko og legg ein god klatt med smør i panna saman med kvitløk og urter. Fres brystet vidare i eit par minutt medan du snur og vender litt på det.

Løft brystet over i ei passande eldfast form og slå over alt feittet frå panna.

Stikk inn et steiketermometer og steik brystet vidare i omn ved 125-150 grader til kjernetemperaturen når 65 gradar. Størrelsen og tjukkelsen på kalkunbrystet eller fileten kan variera ganske mykje – og det vil då også steiketida. Hugs at temperaturen vil stiga ytterlegare eit par gradar etter at du har tatt kjøtet ut av omnen, så ta det ut litt i forkant.

La kalkunfileten få kvila i minst 15 minutt før du skjærer brystet i skiver.

Server gjerne med Waldorfsalat og Bestemorpotetar.

Categories: Festmat