Eg har prøvd å gjenskapa ein av favorittane frå mi engelske bestemor. Trikset er å koka potetane først, og deretter gje dei steikeskorpe i omnen.
Passeleg mengd potetar, skrelt og delt i to
Rikeleg olje som høver til steiking
Salt og peppar
Eg brukar vanlegvis asterix potetar. Skrell, del og kok ferdig. Fordel deretter dei potethalvdelane utover eit steikebrett med rundsida ned og flatsida opp. Hell over rikeleg med olje, krydre med fingersalt. Steik på maks varme, gjerne varmluft, til dei har fått fin steikeskorpe. Dette kan ein gjera medan kjøtet kvilar.