I starten brygga eg øl på kjøkenet, men no har konemor forvist meg til kjellaren. Ho har vore på Vestbrygg og kjøpt ei hi-tek kokeplate til meg, den funkar som ei kule! Med 3500 watts effekt kokar den opp vatn så kjapt som berre det. Denne kokeplata kan halda temperaturen jamnt på 60-70 gradar, slik at meskinga går lett, utan bruk av kjølebaggar, liggeunderlag eller anna for å halda på temperaturen.