Daal

Daal er ein enkel og god indisk vegetarrett.

Vegetar tikka masala

Me prøver å få i oss litt vegetarmat, og denne har slått godt an.

Sataywok

Ulempa med kål er at du som regel må køpa eit heilt kålhovud, men berre brukar litt av det. Då kan denne sataywoken vera til hjelp med å bli kvitt litt kål.

Vårrullar

Nok ein variant med kål. Desse vårrullane kan ein laga utan bruk av frityrgryta. Tilsett gjerne glassnudlar også.

Lasagne med kål

Ein tredje kålvariant. Eg lagar vanlegvis denne lasagnen som vegetarrett, der eg bytar ut kjøtdeigen med ein boks tomatbønner. Retten vert best om ein først kokar kålblada i lettsalta vatn i 10-15 minutt. Skjer vekk dei grovaste stilkane i kålblada.

Koreansk sesamkylling

Dette er ein snill variant av korenask BBQ, basert på lett tilgjengelege råvarer. Det er ikkje alltid eg tek meg bryet med å frityrsteika kyllingen. Sausen er god uansett – faktisk så god at eg lagar dobbel porsjon. Eg likar det litt sterkt, og tilset gjerne litt chili. Denne retten fungerer bra med strimla biffkjøt også.

Nasi goreng

Nasi goreng er ein kjapp og smakfull asiatisk matrett.

Svinefilet i pho

Eg har vore so heldig at eg har fått reist på rundtur i Vietnam, og den nydelege maten var noko av det som gjorde mest inntrykk. Denne suppa har ein vietnamesisk schwung, og er ein sikker vinnar i vår familie.

Asiatiske dumplings

Asiatiske dumplings med dip var det eldstedottera vår som laga første gongen i vår familie. Ho skulle på speidarleir, jamboree, i Sør-Korea, og ville prøva litt koreansk mat før avreise.

Sataykylling

Kylling satay med peanøttsaus og mangosalat er ein klassikar frå Trines matblogg. Den gjer stor suksess både til kvardags og fest.

Hjortegryte

Då eldstejenta vår vart 18 år, fekk ho ein fryseboks full av hjortekjøt. Grytekjøtet gjer seg godt i denne hjortegryta.

Shkmeruli

Me har oppdaga det georgianske kjøkkenet! Shkmeruli er ei kvitløksbombe som held vampyrar og andre kvitløksskeptikarar unna.

Biryani med lam

Lammekjøtdeig er billig og godt, og det kjem til sin rett om ein lagar ein enkel biryani med lammekjøtdeig.

One pot gnocchi

Alt i ei gryte! One pot gnocchi er ein smakfull variant frå det italienske kjøkkenet. Neste gong vil eg justera smaken med gulrot og sukker, for å gjera retten litt mindre syrleg.

Kyllingfilet i form

Dette er ein enkel kvardagsfavoritt med overraskande mykje smak.

Laks med kvitvinssaus

Laks med kvitvinssaus er ein litt eksklusiv variant med nydeleg kvitvinssaus. Eg steiker laksen i ovn og silar av løken ifrå sausen. Sist serverte eg laksen med brokkolini og kokte potetar, og det fall i smak hjå ungane.

Biffgryte med øl

Perfekt mat etter ein lang tur i fjellet. Om ein gjer unna det meste kvelden før, treng denne gryteretten berre oppvarming når ein kjem heim frå tur. Server gjerne med mandelpotetar, som kan mosast inn i sausen. Familien min kan styra si begeistring for sopp. Neste gong kokar eg soppen heil, og plukkar den ut av gryta før servering.

Biff Stroganoff

Gryterett i same gate som den føregaånde. Også her tek eg ut soppen før servering, av familiære omsyn.