Flaskekost

Flaskekost

Sjølvforklararnde. Om ein vel å tappa ølet sitt på flasker, lyt ein ha flaskekost. Alternativet til flasker er Corneliusfat med gasspatron, men det vert for avansert for meg. Eg tappar ølet på glasflasker og korkar dei med ei god korkemaskin. Nokre av flaskene mine har svingkork. Flaskekosten har ein diameter som passar akkurat inn i standard ølflasker.