Denne teksten er basert på mi eksamensførelesing «sementering av protetiske kontruksjonar» frå 23. mai 2023. Alle figurar er henta frå den førelesinga.

Grovt sett kan sementar delast inn i fire hovudgrupper:

  • Midlertidige sementar 
  • Vassbaserte sementar 
  • Sjølvadhererande resinsementar 
  • Tradisjonelle resinsementar 
Oversikt: Sementar inndelt etter kategori og bindingsstyrke.

Midlertidige sementar

Midlertidige sementar er laga for å retinera akkurat godt nok til å fiksera ei restaurering, samtidig som restaureringa skal vera lett å ta av. 

Av dei midlertidige sementane er dei sinkoksidbaserte mest brukt. Dei har eit breitt indikasjonsområde, og fungerer bra i dei fleste tilfelle. Ein kan dela dei sinkoksidbaserte sementane inn etter om dei inneheld eugenol eller ikkje. Kjende produktnamn for eugenolfrie midlertidige sementar er Freegenol og TempBond NE, medan Nobetec og IRM er døme på eugenolhaldige sinkoksidbaserte midlertidige sementar. Desse er kjende for å retinera betre enn dei eugenolfrie, men ein må vera obs på at eugenol kan hemma herding av resin. Difor er dei eugenolfrie midlertidige sementane førstevalet. Dei eugenolhaldige vert nytta i unntakstilfelle. Om ei midlertidig restaurering ikkje sit godt nok, er som oftast på grunn av andre faktorar enn sementen. Ein kan ha fjerna for lite tannsubstans, ha for dårleg motstandsform, eller ikkje slipt restaureringa godt nok inn i okklusjon og artikulasjon. Først når desse faktorane er tatt hand om, kan ein vurdera å gå over til ein eugenolhaldig midlertidig sement. Sinoksidbaserte midlertidige sementar er opake på farge, og difor ikkje spesielt estetiske. 

Silikonbaserte midlertidige sementar har litt andre eigenskapar enn dei sinkoksidbaserte. Dei høver bra til midlertidig sementering av permanente konstruksjonar, men kan også brukast på midlertidige konstruksjonar. Dei er lette å fjerna frå tann og restaurering, med lite fare for å legga igjen produktrestar. Dei reknast som noko svakare enn dei sinkoksidbaserte. Appliseringa er enkel, ofte får ein dei i automikssprøyter. Kjende produktnamn er TempoSil2 og Opotow Trial. 

Ved behov for translusent midlertidig sement, finst det ein resinbasert variant ved namn TempBond Clear. Denne er lett å applisera og misfargar ikkje konstruksjonen – vel å merka dersom ein fjernar alt sementoverskotet. Om noko vert liggande, kan det lett ta opp i seg misfarging. Sementoverskot kan gje uheldig påverknad på gingiva. Ettersom sementen er heilt translusent, kan det vera vanskeleg å ha kontroll på sementfjerninga. Ein lyt difor vera ekstra nøye og gå igjennom alle approksimalrom med interdentale hjelpemiddel. 

Restaureringar med dårleg motstandsform, som til dømes fasettar, let seg ikkje sementera med vanlege midlertidige sementar. Då kan punktetsteknikk vera eit alternativ. Teknikken går ut på å fosforsyreetsa ein avgrensa del av det preparerte området, fortrinnsvis emalje. Deretter let ein det midlertidige kronematerialet, som gjerne er resinbasert, herda fast på tanna. Ved hjelp av mikromekanisk retensjon vil då resinmaterialet i den midlertidige restaureringa «klora» seg fast i etsrelieffet.

Punktetsteknikk: Syreets gir eit relieff som restaureringa kan «klora» seg fast i under herding.

Vassbaserte sementar

Av sementar meint for permanent sementering har dei vassbaserte vore lengst i bruk. I dag finst det to hovudgrupper av vassbaserte sementar på marknaden: Sinkfosfatsement og glassionomersement. Sinkfosfatsement har vore nokolunde uendra i dental bruk heilt sidan 1892! Både sinkfosfatsement og glassionmersement består av pulver og væske. Væska er ei syre. Etter blanding får ein faste sementpartiklar i ei amorf matrise. For sinkfosfatsement er dette partiklar av sinkoksid i ei matrise av sinkfosfatsalt. For glassionomer er det glaspartiklar i ei saltmatrise. 

Sinkfosfatsement bør helst blandast for hand på ei kald glassplate. Pulveret blandast inn i væska i små porsjonar. Dette hindrar at herdinga skjer for raskt. Fordelen med manuell blanding er at ein kan blanda akkurat den mengda ein treng, og det er gunstig for større konstruksjonar. Sinksfosfatsement er tyntflytande, har lang arbeidstid og er heilt opakt på farge. Sementfjerning skjer enklast når sementen er heilt herda. 

Blanding av sinkfosfatsement: Sementen er klar når den kan trekkast ut i lange trådar.

Glassionomersement kan også blandast for hand, men det mest vanlege er blanding i kapsel. Fordelen med kapsel er at ein får ein perfekt ratio pulver/væske kvar gong, og teknikken er difor ikkje operatørsensitiv. Glassionomersement har stort sett dei same indikasjonane som sinkfosfatsement. Den har noko kortare arbeidstid, og er difor best eigna på mindre konstruksjonar. Fjerning av sementoverskot bør skje når sementen er i “marsipanfase”, det vil seie ikkje flytande og ikkje heilt herda. Nokre glassionomersementar er resinmodifiserte. I teorien skal det auke bindingsstyrken, men resininnhaldet gjer at biokompatibiliteten går ned. Ein er uansett avhengig av god motstandsform ved bruk av vassbaserte sementar – både sinkfosfat og glassionomer, resinmodifisert eller ikkje. 

Vassbaserte sementar: Teknikk og verknadsmekanisme.

Resinsementar

Ein delar gjerne inn resinsementane inn i tradisjonelle eller sjølvadhererande resinsementar. Den store skilnaden på dei to er at for dei tradisjonelle sementane er det separat forbehandling av tann og restaurering. For dei sjølvadhererande er det “alt i eitt”, utan anna forbehandling enn eventuell emaljeets.  

Verknadsmekanismen for tradisjonelle resinsementar varierer litt frå leverandør til leverandør. Vanlegvis vert restaureringa behandla med silan (som fremmer god sementflyt på overflata) og ein mono- og polymerhaldig primer. Ein tilsvarande primer vert nytta på tanna. Eldre generasjonar av desse sementsystema består gjerne av 5-6 flasker og tuber. For nyare generasjonar er talet på komponentar redusert til berre 2-3 flasker/tuber.  Dei hamnar likevel i kategorien tradisjonelle resinsementar, all den tid ein har separat forbehandling av tann og restaurering. Nokre av sementane er heilt avhengige av primeren for å herda. Andre, som RelyX Universal, kan også fungera om ein berre brukar sementen, utan forbehandling. Då vert verknadsmekanismen som for sjølvadhererande resinsementar. 

Tradisjonelle resinsementar: Teknikk og verknadsmekanisme.

Sjølvadhererande resinsementar startar herdeprosessen som sure og hydrofile. I denne fasen demineraliserer dei dentin og trekker inn i dentintubuli. Sidan går pH’en mot nøytral og sementen vert meir hydrofob. Dette fasiliterer binding til restaureringa. 

Sjølvadhererande resinsementar: Teknikk og verknadsmekanisme. Legg merke til skilnad på flussyre (som er cytotoksisk) og fosforsyre.

Alle resinsementar, tradisjonelle som sjølvadhererande, er avhengige av separat ets av emalje for å oppnå best mogleg binding. Ingen sement er i dag sur nok i seg sjølv til å kunne gje eit optimalt etsrelieff i emaljeprisma. 

Dei tradisjonelle resinsementane er avhengige av absolutt tørrlegging, helst med kofferdam. For dei sjølvadhererande sementane er det ønskeleg at tannoverflata er lett fuktig, men ikkje våt. Eventuell kontaminasjon med protein, blod eller saliva vil øydelegga sementbindinga. 

Resinsementar er førstevalet ved sementering av amorfe keram, som litiumdislikat. Desse kerama har teknikar vanlegvis etsa med flussyre i dei områda som skal ha kontakt med tanna. Etsrelieffet sørger for mikromekanisk retensjon, i tillegg til kjemisk binding. Om det preparerte underlaget har god motstandsform, vil sjølvadhererande resinsement vera eit bra val. Denne sementtypen bind godt til dentin, men ikkje så bra til emalje. Separat emaljeets med fosforsyre kan då vera gunstig. Dersom ei restaurering i litiumdisilikat har dårleg motstandform, til dømes ein fasett, er det best å bruka gullstandarden – det vil seie tradisjonell resinsement med emaljeets og separat forbehandling av tann og restaurering. Ein bør bruka kofferdam for optimal fuktkontroll. 

Krystallinske keram, som zirkonia, er ikkje etsbare. Dei har ei glatt overflate, som gjev avgrensa moglegheit for mikromekanisk retensjon. Likevel er det utvikla ein protokoll for adhesiv sementering av zirkonia, noko som er aktuelt ved til dømes etsebruer. Om ein sandbåsar zirkoniavingen vil ein kunne utnytta eventuelle overflatedefektar og auka det retinerande arealet. Ein vel så viktig effekt av sandblåsinga er at den tilfører energi til keramoverflata, noko som gjev betre sementflyt. Sandblåsinga må vera heilt fersk, fordi den tilførte overflateenegien berre har kortvarig effekt. 

Oppsummering

Ein bør ha god kjennskap til ulike sementtypar og deira indikasjonar. Vassbaserte sementar fungerer bra på restaureringar med god motstandsform. Dei er lite sensitive for fukt.

Resinsementar er både sterkare og meir estetiske enn dei vassbaserte sementane, vel å merka om ein har god fuktkontroll. Gullstandarden for adhesiv sementering er framleis dei systema som har separat forbehandling av tann og restaurering, i denne oversikta omtala som tradisjonelle resinsementar. Ved grei motstandsform og stort retinerande dentinareal vil også sjølvadhererande resinsement vera eit godt alternativ. 

Kraftoverføring og motstandsform: Resinsementar versus vassbaserte sementar.