Hjort er ein favoritt i vår familie. Etter noko prøving og feiling har me kome til at denne burgeroppskrifta fungerer bra.

500 g hjortekjøtdeig

1-2 ts salt

2 ss potetmjøl

2 ts timian

1 dl kremfløyte

Bland først kjøtdeig og salt, deretter blandast inn potetmjøl, pepper og timian. Spe på med fløyte og bland godt.

Form runde boller av deigen, klem dei flate. Steik på høg temperatur for god steikeskorpe, gjerne i støypejernspanne. Skru av varmen, og la burgerane trekka vidare til dei vert gjennomsteikte. Ha gjerne på ei skive med ost på kvar burger.

Server med valfritt tilbehør. Eg synest det kan vera godt med tyttebærsyltetøy blanda med rømme, salt og pepper.