Kurstittel: Fotokurs for tannhelseteamet.
Målsetjing: Å hjelpa tannhelseteamet med å gjera fotodokumentasjon til en integrert og naturlig del av den kliniske kvardagen, samt å inspirera til bruk av fotoapparatet også utanfor klinikken.
Kursplan: Klinisk fotodokumentasjon vert stadig meir viktig. Kurset tek føre seg alle sider ved klinisk fotografering, frå grunnleggande fototeori til praktisk klinikk. Det er rikt illustrert med både kliniske og ikkje-kliniske bilete, til informasjon og inspirasjon for tannhelseteamet. Etter den teorietiske delen vert det rom for praktiske tips og øvingar for dei som ønsker det. Total kurslengd er cirka 3 timar, inkludert praktiske øvingar.
Målgruppe: Heile tannhelseteamet.
Kontakt: kjetilreisegg@gmail.com

Om meg: Eg vart utdanna tannlege i Bergen i 2000, og har sidan drive med klinisk fotografering. Eg har bakgrunn frå fotobutikk og frå fotolinja på Øytun Folkehøgskole i Alta. Eg driv eigen praksis (tannteam.no) og er instruktørtannlege og spesialistkandidat i oral protetikk ved Universitetet i Bergen.

Kurslogg:
28. mai 2016: Loenmøtet.
11. november 2016: Bergen tannlegeforening.
17. januar 2017: NTF’s januarkurs, Oslo.
5. april 2017: Stavanger tannhelsedistrikt, TK-Vest.
22. februar 2018: Rogaland tannlegeforening, Stavanger.
28. august 2018: Oslo tannlegeforening.
14. mars 2019: Haugaland tannlegeforening.
26. november 2019: Rana tannklinikk, Mo i Rana.
26. februar 2020: Christiania tannlegesenter, Grønland, Oslo
11. mai 2021: Trøndelag tannpleierforening (på Zoom)