Oppskrifta mi er basert på denne frå godt.no ved Kristoffer Kaayne Kaalsaas, men eg har tilsett meir smak i form av chili og salt.
4 porsjonar
4 stykker nakkekotelettar
Chilikrydder
4 – 5 fedd kvitløk, knuste
1 stk gul løk, delt i fire båtar
2 dl Coca-Cola, eller annan cola med sukker
2 dl appelsinjuice
2 ts salt
1 stk laurbærblad
1 stk lime, safta
0.5 ts pepper
2 ts oregano
2 ts spisskummen
Kjøp gjerne nakkekotelettar utan bein. Om du kjøper med bein, er det gunstig å vaska kotelettane godt før dei går i gryta. Det fjerner eventuelle lause beinrestar. Gni deretter kotelettane godt inn med chilikrydder. Hyv alle ingrediensane i ei eldfast panne med lok, og la denne stå i steikeomnen ved 120 grader celcius i 5-6 timar. Løft kjøtet ut ifrå gryta, dra det ifrå kvarande med gaffel og fordel det utover eit bakepapir. Pass på å fjerna alle beinbitar. Hell over litt av væska ifrå panna. Plasser kjøtet tilbake i omnen på høg varme, gjerne grill, i nokre minutt. Server med det vanlege tacotilbehøret, gjerne maisstuing, tomatsalsa, guacamole og frijoles refritos.