Foto

Praktisk klinisk fotografering

Dokumentasjon. Det er det det handlar om. Alt må dokumenterast. Det som ikkje står i journalen har ikkje skjedd. Ein kan argumentera så mykje ein vil, men med ein dårleg journal står ein svakt i ei eventuell klagesak. Av og til seier eit bilete meir enn tusen ord. Difor må ein læra seg å ta gode kliniske bilete. Sjølv har eg vore aktiv hobbyfotograf i snart 30 år og drive med klinisk fotografering snart 20. Dette innlegget handlar om klinisk fotografering og korrekt bruk av spegelreflekskameraet. (meir…)

By Kjetil Reisegg, ago
Tekst

Syria frå lenestolen

Kontrasten kunne knapt vore større. Eg sit i lenestolen med datamaskina i fanget og kaffi i koppen. Stolen er av god sunnmørsk kvalitet, datamaskina er ein slank og lekker sak frå Apple, kaffien kjem frå nykverna bønner og er toppa med delikat kaffiskum. Eg løftar blikket og ser heile Bergensdalen, frå Askøy til Fana, med Løvstakken midt imot. Senkar eg blikket ser eg Landås Mottak. (meir…)

By Kjetil Reisegg, ago
Tekst

Mitt økologiske fotavtrykk

Pave Frans er ein fornuftig fyr. Han får sikkert hjelp av dyktige PR-folk, men likevel: Han er mykje meir i takt med samtida si enn forgjengaren. Pave Benedikt XVI var ein markant motstandar av prevensjon, abort og kvinnelege prestar, slik ein kan forventa av ein tradisjonell peikefingerteolog. Homofili var øydelegging av skaparverket, mente han. ”Kven er eg til å dømma homofile?”, seier pave Frans, og meiner denne typen spørsmål får alt for mykje merksemd. Han nyttar heller påverknadskrafta si til viktigare saker, som klima og bærekraft. (meir…)

By Kjetil Reisegg, ago
Tekst

Kikholsodontologi

Kikholskirurgi er eit etablert uttrykk, der inngrepet vert utført gjennom ei lita opning i staden for større operative inngrep. I kikholsodontologi er det operative inngrepet like stort som ellers, men sjølve restaureringa gjerast gjennom eit kikhol. Ein set eit matriseband utanpå kaviteten, borar eit hol i bandet og fyller gjennom holet - glimrande til bruk på subgingivale approksimale glassionomerfyllinger. Det er viktig at holet er stort nok til at spissen på kapselen går igjennom og kan plasserast i botnen av kaviteten. Slik unngår ein å låsa inne luft ved fylling av kaviteten. (meir…)

By Kjetil Reisegg, ago