Foto

Hausttur til Gullhorgabu

Naturen viste seg frå si beste side då ein kompis og eg tok med oss niåringane våre på overnattingstur til Gullhorgabu. Turen gjekk gjennom variert terreng, frå skog til fjell. Gullhorgabu er ei flott ny turisthytte, som svært mange nytta seg av i løpet av helga - såpass mange at me måtte overnatta ute, under open himmel.  (meir…)

By Kjetil Reisegg, ago
Foto

Gjensyn med Tromsø

12 år etter at eg flytta derifrå fekk eg eit gjensyn med Tromsø, fem fine dagar i juni i år. Innimellom kurs og sosialt samvær fekk eg tid til å gå for meg sjølv rundt på Tromsøya, med kameraet over skuldra. Her er nokre av bileta: (meir…)

By Kjetil Reisegg, ago