Meskepose

Meskepose

Med mindre ein kun driv med ekstraktbrygging, må ein ha ein meskepose. Oppi denne puttar ein all malten. Pose med malt leggast  i temperert vatn (ca. 68 gradar) ein times tid, for å få trekt ut alle sukkerstoffa. Deretter flyttast meskepose med innhald over i eit nytt kar med nytt vatn, for å få vaska ut dei siste restane med sukkerstoff. Pose med malt løftast så frå bøtta. Malten kastast og meskeposen skyllast, tørkast og er klar for ny bruk.