Denne er både varm og hot, takka være rikeleg med frisk ingefær. Eg blandar sirupen i 4 liter av min eigen heimelaga sider, og får då til saman knappe 5 liter herleg drykk med smak av jul. Oppskrifta er basert på denne frå Lise Finckenhagen, men min inneheld mykje meir ingefær.

6 dl sukker

1,2 liter vatn

6 stk stjerneanis

3 ts heile, grøne kardemommekapslar

3 vaniljestenger

6 bitar kanelstong

40 nellikspiker

Rikeleg med frisk ingefær, minst 150 gram, i skiver

Bland det heile saman og kok opp. La det koka ein times tid, slik at smakane får sett seg. Sil av kryddera. Bland sirpen med kvitvin, raudvin, sider eller eplemost.

Categories: Oppskrifter