Kontrasten kunne knapt vore større. Eg sit i lenestolen med datamaskina i fanget og kaffi i koppen. Stolen er av god sunnmørsk kvalitet, datamaskina er ein slank og lekker sak frå Apple, kaffien kjem frå nykverna bønner og er toppa med delikat kaffiskum. Eg løftar blikket og ser heile Bergensdalen, frå Askøy til Fana, med Løvstakken midt imot. Senkar eg blikket ser eg Landås Mottak.

Der bur menneske som har reist frå alt dei eigde på leit etter ei trygg hamn. Eg er ikkje smartare enn dei, ikkje meir arbeidssam. Eg er født inn i velstand i eit av verdas fredelegaste land. Lukka mi skuldast flaks, deira ulukke skuldast uflaks. Me er alle verdsborgarar. Sjølvsagt skal me ta vel imot dei.

21. januar 1994 døyr Basser Al-Assad, son av president Hafez Al-Assad i Syria, i ei trafikkulukke. Broren, Bashir, vert kalla heim frå London for å fylla storebroren si rolle. Dermed endrar livet retning for den Londonbaserte augelegen. Han skal bli diktator. I år 2000 døyr president Hafez Al-Assad. Bashir Al-Assad overtek makta.

I åra som følgjer skal han oppleva eit Midtausten i endring. Området har alltid vore ein trykkokar, med konfliktar mellom religionar og folkegrupper og meir eller mindre mislukka innblanding frå Vesten. Syria gjekk stort sett klar av konfliktar under Assadfamilien sitt styre, men det skulle endra seg. I åra 2006 til 2011 opplevde Syria den verste tørka nokosinne. Bønder mista livsgrunnlaget og trekte inn til byane. Det var vassmangel og stemninga var amper. I byen Daraa skribla nokre ungdommar slagord frå den arabiske våren på ein husvegg. Dei hamna i klinsj med politiet og vart torturerte. Familiane deira proteseterte kraftig. Protestane gav gjenklang utover landet, godt hjelpne av fortvilinga etter tørka. Protestane i Daraa var kimen til det som i dag er ein full borgarkrig i Syria. 11 millionar menneske er drivne på flukt, det er den største humanitære katastrofen i vår tid.

Her i Norge vert det protestert mot at me skal ta imot 10000 av dei – under ein promille av totalen. Skal me be dei reisa heim igjen og rydda opp i sine eigne problem? Det er ikkje fullt så enkelt. Klimaendring er ei globalt utfordring og ein viktig faktor i Syriakonflikten. Me er ikkje utan skuld eller ansvar. Kloden er i endring, store folkemengder er under flytting. Me kan ikkje lukka augo for utviklinga. Me har eit globalt ansvar for dei som lever med konsekvensane av klimaendringene.

Eg er stolt av mine medborgarar på Landås som seier at me skal vera best i landet på å ta imot flykningar. Dei som fryktar ubehagelege situasjonar bør gjera nettopp dette: Legga til rette for at våre nye naboar skal få det best mogleg.

Me må gjerne nyta ein god kaffikopp i lenestolen. Me skal ikkje ha dårleg samvit for velferda vår. Men me kan ikkje nekta andre å søka den same tryggleiken som oss. Me er ikkje åleine her i verda.

Kjelder: Wikipedia, Audrey Quinn/Jackie Roche: Syria’s climate conflict

Denne teksten er også publisert på bt.no

Categories: Tekst