Pave Frans er ein fornuftig fyr. Han får sikkert hjelp av dyktige PR-folk, men likevel: Han er mykje meir i takt med samtida si enn forgjengaren. Pave Benedikt XVI var ein markant motstandar av prevensjon, abort og kvinnelege prestar, slik ein kan forventa av ein tradisjonell peikefingerteolog. Homofili var øydelegging av skaparverket, mente han. ”Kven er eg til å dømma homofile?”, seier pave Frans, og meiner denne typen spørsmål får alt for mykje merksemd. Han nyttar heller påverknadskrafta si til viktigare saker, som klima og bærekraft.

Han har talar klimaskeptiske republikanarar midt imot. På talen til FN 25. september fekk nettopp klimaspørsmålet mykje plass. ”Ein kvar skade gjort mot miljøet er ein skade på sjølve menneskeheita,” sa paven, med klar adresse til dei rikaste og mektigaste landa i verda. På jolaftan nytta han midnattsmessa til å etterlysa nøkternheit i eit samfunn rusa på forbruk og hedonisme, rikdom og sløsing, overflatiskheit og narsissisme.

Eg sit julemett og tilfreds på toppen av verda og les paven sine ord. Eg er ikkje religiøs, men orda treff på eit vis likevel. Eg er mellom dei absolutt mest privilegerte her i verda. Eg har tre ungar, bygger på huset, køyrer dieselbil og drøymer om hytte på fjellet. Eg liker komfort, hestekrefter og kjøt til middag. Det økologiske fotavtrykket mitt er større enn det burde vore, livsstilen min krev mykje ressursar. Det gjeld for dei fleste av oss her på berget. Om heile verda skulle leva som oss, ville me trengd ein par-tre jordklodar. Me lever ikkje bærekraftig.

Kva skal me gjera med det? Skal me stola på politikarane? At dei styrer oss i riktig retning, slik at verdas folk får nok mat, regnskogen bevarast og polarisen ikkje smeltar? Det fungerer diverre ikkje slik. Politikk handlar om å fordela pengar. Skule, helsevesen, kultur og samferdsel, alle skal ha sitt. Me må få opp forbruket, fortel politikarane, og kallar det verdiskaping. Butikkane må vera opne heile veka, slik at me kan handla, handla, handla. Økonomien treng næring, me må halda hjula i gang. Det er ikkje bærekraftig. Kvar og ein lyt ta ansvar. Alt hjelper litt. Det er ikkje så spektakulært, men her mine forsett for 2016:

  • Eg skal la bilen stå. Eg er så heldig at eg kan koma meg på jobb til fots, med bybane eller med sykkel (eg har to arbeidsplassar). Med mindre tidsskjemaet er trongt – ofte som følgje av borna sine aktivitetar – finst det ingen grunn til å køyra bil.
  • Storhandling framfor småhandling. Når eg først køyrer på butikken, skal eg kjøpa inn mat for fleire dagar, gjerne ei heil veke.
  • Supplerande småkjøp gjerast til fots, anten på nærbutikken eller på veg frå jobb.
  • Eg skal ta med meg handlepose til butikken, så me slepp opphoping av plastposer heime.
  • Eg skal kasta minst mogleg mat. Ungane sine matpakkerestar vert kveldsmat. Middagsrest vert restemiddag.
  • Kvart einaste innkjøp skal vera gjennomtenkt. Treng eg det?
  • Det eg kjøper skal vera av god kvalitet, så det ikkje må skiftast ut etter kort tid.
  • Eg skal sjekka bruktmarknaden. Finn eg det på Finn eller Fretex?
  • Eg skal kjeldesortera mest mogleg.

Eg kunne blitt vegetarianar, levd på sjølvdyrka og økologisk mat, seld bilen og kutta ut alle flyreiser. Så flink er eg ikkje, men litt er betre enn ingenting. I 2016 skal det økologiske fotavtrykket mitt bli mindre. I tillegg skal eg trena meir og eta sunnare. Trur eg.

Denne teksten er også publisert på bt.no.

Categories: Tekst