Då kan det vera greitt med nokre råd på vegen. Sjølv har eg gått gradane frå assistent- og kontraktørtannlege, fram til eg vart praksiseigar i 2010. Sidan har klinikken gått frå solopraksis til arbeidsplass for ti personar. Eg har hatt leigetakarar og kontraktørar, med eller utan eige arbeidsgivaransvar, og eg har samarbeida med både spesialistar og allmenntannlegar. Eg har vore arbeidsgivar for tannpleiarar, sekretærar og tannlegar og fått ein medeigar i kontorfellesskapet vårt. Eg har gått frå djup fortviling til glede over å lukkast. Eg har i grunnen vore innom dei fleste sidene ved privat tannlegepraksis. Her er mine beste råd:

  • Visjon: Kva vil du med tannlegepraksisen? Korleis skal praksisen sjå ut om fem år? Korleis skal du nå måla dine? Ein klar visjon kan vera god å ha når det buttar imot og ein viktig motor for å driva praksisen framover. Utan ein klar visjon bør ein vurdera å heller vera tilsett eller kontraktør. Det er sutalaust og som regel godt betalt. Når arbeidsdagen er over kan ein fokusera på andre ting.
  • Økonomi: Du er best på å vera tannlege. Ein dyktig rekneskapsførar vil vera ein god alliert både før og etter praksiskjøpet. Det får heller våga seg at rekneskapstenestene kostar ein del.
  • Rekneskapstal: Forarbeid er viktig når ein kjøpar praksis. Taksten er det viktigaste dokumentet i kjøp/salsprosessen, men ikkje det einaste. For å finna ut om taksten er fornuftig, bør ein få tilgang til rekneskapstala for dei siste fem åra. Er trenden synkande? Det kan tyda på at praksisen er på hell, og at pasientar er på veg vekk derifrå. Då kan dei første åra som praksiseigar verta tunge, utan den innteninga ein hadde sett føre seg.
  • Pasientarkivet, korleis ser det ut? Er det reelt? Kor mange av pasientane går jamleg til tannlegen? Er snittalderen høg? I tilfelle kan det vera eit argument for lågare salssum.
  • Har praksisen ein langsiktig og god avtale med huseigar, eller står du i fare for å bli kasta ut etter eit par år?
  • Kva kjøpar du? Eit akseselskap, eller inventar og pasientarkiv? Generelt skal aksjeselskap prisast noko lågare enn inventar og pasientarkiv.
  • Selskapsform: Om du kjøpar eit aksjeselskap, er det naturleg å vidareføra den driftsforma. Det er komplisert å gå frå akseselskap til enkeltmannsføretak. Økonomisk kjem ein nokolunde likt ut med dei to driftsformene. Generelt kan ein seie at dersom ein ønskjer kapital til å bygga opp praksisen – og ein treng lite til privat forbruk – då kan det vera greitt å ha akseselskap. Dersom praksisen er nokolunde oppe og går og ein heller vil bruka overskotet privat – då kan ein driva som enkeltmannsføretak.
  • Ta vare på dei tilsette. Ver raus, romsleg og rettferdig. Gje fri til skuleavslutningar, barnehagefrukostar og det som måtte koma av familiære hendingar. Ikkje hald igjen når det gjeld arbeidsklede, kurs og sosiale gode. Desse goda er mykje meir verdt enn det som visast på lønsslippen kvar månad. Den enkelte må føla seg sett, høyrt og inkludert. På vår klinikk varar klinikkmøta ein halv arbeidsdag. Me har god tid til å diskutera oss ferdige og å gjennomføra det me vedtek på møtet.
  • Ta vare på teamet. Enkeltpersonane er viktige, men ein må også pleia sjølve organisasjonen og samkjensla. God arbeidsflyt er eit felles ansvar. Prøv å få tilsette som ser forbi si eiga sfære og tek eit tak der det trengst.
  • Knyt til deg bra folk. Det seier seg sjølv, men korleis finn ein dei bra folka? Ein god regel er å knyta til seg folk som tilfører praksisen noko. Nokon er gode på data, andre på perio. Medarbeidarane bør vera fleksible og teamorienterte. Deleger fellesoppgåver og våg å gje frå deg noko av kontrollen for å få fleire til å dela på ansvaret.
  • Til slutt, min kjepphest: Ikkje la økonomien bli styrande. Tannlegelivet er privilegert, men jobben kan vera krevjande. Nokon får helseplagar, andre mistar motivasjonen. Dersom ein set seg i ein situasjon der ein er avhengig av høg inntening, står ein dårleg rusta for tronge tider. Eg gjekk sjølv litt lei etter nokre år i faget. Oppsparte pengar gjorde at eg kunne ta meg halvt års pause og studera spansk. Då eg returnerte til klinikken, var det med fornya kraft og motivasjon.

Lukke til!

Categories: Tekst