Andre kjempar for fred på jorda, eg kjempar for stor forbokstav i særnamn! Ja, for du har vel sett det? Det spreier seg som ein pest på fasadar, brevark og nettsider! Den store forbokstaven forsvinn, her skal det sjå jamnt og fint ut. Posten, Facebook, Moods of Norway, Skyss, dei er like ille heile gjengen! Rettskrivinga vert ofra på layouten sitt alter. Barnelærdommen vert gløymd – eller ignorert – for det er jo så trendy med desse små forbokstavane. Slikt tull finn eg meg ikkje i! No står eg opp for Den Store Forbokstav! Ikkje lenger skal du, Store Forbokstav, hamna i skuggen av dine småsøsken! Lat oss kjempa saman til du igjen får din rettmessige plass, først i alle særnamn! Om tjue år vil me le av dei som absolutt skulle fjolla til logoane sine med små forbokstavar. Då er det me, forkjemparane for Den Store Forbokstav, som kan slå oss på bringa og sei at det var me som kjempa kampen! Borneborna våre skal sleppa denne forsøplinga! Kampen byrjar no!DSC_0230-COLLAGE

Categories: Tekst