Våren 1998 reiste eg og ein medstudent på eit 3-4 månaders studieopphald i Costa RIca. Det vart eit interessant innblikk i ein heilt annan odontologisk kvardag. Då eg kom heim igjen, skreiv eg denne artikkelen for lokalavisa på Voss, “Hordaland”:

Tannlegestudentar i Costa Rica 

Tenk deg å stå i eit indianarreservat langt inne i den karibiske jungelen. Litt sliten etter ein lang arbeidsdag går du bort til det nærmaste palmen, plukkar ned ein kokosnøtt og sløkkjer tørsten med safta ifrå denne. Les om det litt spesielle semesteret underteikna og medstudenten min, Ingrid Merde, hadde i Costa Rica denne våren.

Me har nettopp avslutta fjerdeåret ved Odontologen i Bergen. Då kulda kom til Bergen om hausten, bestemte me oss for å prøva å komma oss til varmare strok, og tilbringa vårsemesteret der. Etter diverse telefonar, brev og e-post, og ved hjelp av gode kontaktar ved skulen, gjekk det i orden: Me skulle til Costa Rica! Avreise 8. Mars.

Costa Rica

Costa Rica ligg i Mellom-Amerika, og grensar til Panama i sør og Nicaragua i nord. Klimaet er tropisk. Landet har berre to årstider: Regntid og ikkje regntid. Middeltemperaturen er mellom 15 og 33 grader celsius, avhengig av kvar ein er i landet. Vêrfenomenet el Niño sørgjer for at temperaturen no er endå høgare. Landet er utruleg frodig og variert, og kan skryta av å ha eit av verdas beste naturvernprogram. Nærare 30% av landet har status som nasjonalpark, naturreservat eller liknande. Dette er i hovudsak regnskog, men ein finn også vulkanar og fjellområde. Costa Rica har fleire vulkanar. Eit par av dei er meir eller mindre aktive og sender stadig ut røyk og små porsjonar glødande lava. Det høgaste fjellet i Costa Rica heiter Chirripó og er 3820m høgt. På klåre dagar kan ein sjå både Stillehavet og Karibia frå toppen av Chirripó.

Studier

I løpet av opphaldet fekk me oppleva både jordskjelv og vulkanutbrot. Me bada i Karibia og drog på segltur i Stillehavet. Men me kom dit fyrst og framst for å studera. Planen vår var å gjera mest mogleg praktisk arbeid utan å tapa studietid i høve til medstudentane våre heime i Noreg. Me følgde inga teoretisk undervisning ved ”Universidad de Costa Rica”. Den las me heller på eigahand. Me hadde to større eksamenar denne våren, og dei tok me pr. fax.

Tannlegeutdanninga i Costa Rica står slett ikkje tilbake for utdanninga her heime. Tannhelseproblema er større enn her, difor får studentane meir  røynsle med problempasientar. Me såg til dømes fireåringar som måtte få gebiss fordi mjølketennene var fullstendig nedrotna! Spesielt i løpet av det siste studieåret, sjetteåret (i Noreg er utdanninga femårig), får studentane mykje god røynsle. Då vert dei utplasserte på ulike institusjonar og klinikkar som vert drivne i samarbeid med universitetet. Her møter ein andre utfordringar enn i vanleg tannlegepraksis. Me vitja fleire av desse klinikkane, til dømes bornesjukehuset, der ein mellom anna behandlar born med leppe- kjeve- ganespalte (”hareskår”), og ein dagheim for psykisk og fysisk utviklingshemma born. I til saman tre veker jobba me på ulike såkalla eksterne klinikkar. Pasientane våre var stort sett svært fattige og hadde dårleg tannhelse. Den kanskje mest interessante klinikken me jobba ved var plassert i eit indianarreservat langt inne i den karibiske jungelen, dit turistane aldri kjem.

Indianarane i Amubri

Kun 1 % av befolkninga i Costa Rica er indianarar. Dei snakkar ulike indianske språk, men dei fleste snakkar også spansk. Costaricanarar flest har ingen kjennskap til indianarane og korleis dei lever. Det er kanskje indianarane sitt største problem. Dei er Costa Rica sitt  gløymde folkeslag. Dei einaste som verkeleg har oppdaga indianarane, er gigantane Pepsi og Coca-cola, samt dei costaricanske øl- og spritprodusentane. Det er mykje alkoholisme blant indianarane. Dei livnærer seg på produksjon av bananer og – sjølv om me aldri fekk sjå dette – mariuhana. Me budde i landsbyen Amubri, som har både elektrisitet, skule og eigen radiostasjon. Her finn ein også ein tannklinikk, der det er aktivitet 4-5 veker i året. Det er ikkje nok! Me gjorde så godt me kunne i den korte tida me var der. Folk kom til oss når dei hadde vondt, og då var det som regel inga anna løysing enn å trekka den vonde tanna. Me såg alvorlege tannkjøttbetennelsar og fullstendig nedrotna tannsett. Mange hadde aldri eigd ein tannkost.

Mangel på kunnskap er nok mykje av grunnen til dei store tannhelseproblema. Medan Ingrid reinsa tennene til ein liten unge, kom faren inn og la ein slikkepinne på tannlegebordet. ”Viss du er flink no,” sa faren til sonen, ”så skal du få denne når du er ferdig hjå tannlegen.” Håplaust! Folk reagerte når dei måtte betala ti kroner for tannbehandlinga, men etterpå gjekk dei gjerne i butikken og brukte både ti og tjue kroner på snop og brus.

Det var med tungt hjarte me reiste ifrå Amubri. Det var så mykje arbeid som gjenstod, så mange fleire som skulle hatt hjelp – og ein skulle brukt mykje meir tid, energi og pengar på informasjon om tannhelse. Men utviklinga går i rett retning. Læraren vår, amerikanaren Peter Aborn, jobbar med å få støtte til eit tannhelseprogram i dei indianske områda. Han gav opp sin tannlegepraksis på Fifth Avenue i New York og fann meir meining i å hjelpa indianarane i Costa Rica. Og kven veit? Kanskje han snart når fram med kravet om at indianarane skal få samme tannhelsetilbod som resten av den Costaricanske befolkninga….

Gode røynsler

Semesteret i Costa Rica gav oss mange gode røynsler både som menneske og unge tannlegar. Me måtte tilpassa oss heilt andre tilhøve enn heime i Noreg, med enklare utstyr og verre tannhelseproblem. Ein måtte finna gode og enkle løysingar under vanskelege arbeidstilhøve, og gjerne ta ting på sparket. I tillegg fekk me oppleva korleis det er å bu i ein annan kultur, utan å kunna språket. Ingen av oss kunne spansk før me reiste og det var slett ikkje alle som snakka engelsk. Dei språklege og kulturelle skilnadene gjorde dette til ei røynsle ikkje heilt utan frustrasjonar. Likevel var summen av det heile svært positiv. Med oss heim hadde me mykje god kunnskap om tannlegefaget. Me har fått nokre nye vennar og lært ein del spansk. I tillegg fekk me ein varm og solrik vår i tropene, langt vekk ifrå regn og kulde i Bergen. Og det er jo slett ikkje ille!

Categories: Tekst