1: Kjøp riktig utstyr

Her kjem ein ikkje utanom spegelreflekskameraet. Visst finst det alternativ, men ingen som leverer same kvalitet som spegelrefleksen. Ingen har betre biletesensor, betre optikk eller betre blits. Ein kan få ei fullgod kamerapakke frå 12000,- kroner og oppover. Her følgjer ein omtale av dei ulike komponentane:

Kamerahus: Alt er bra nok. Kamerahus til 3-4000,- kroner har like gode biletesensorar som kamerahus til 10.000,- kroner. I denne prisgruppa har kamerahusa såkalla crop biletebrikker, med storleik på ca. 2/3 av det tradisjonelle filmformatet. Dersom ein ønskjer fullformat brikker, kostar det gjerne ytterlegare 10.000,- kroner. Dei pengane kan ein heller spara til objektiv og blits.

Objektiv: Ein bør ha eit makroobjektiv på mellom 50 og 105 millimeter. Eit på 50 millimeter gir kort arbeidsavstand til pasienten, 105 millimeter gir lengre arbeidsavstand. Kva ein føretrekk er opp til den enkelte, men eit objektiv på rundt 60-70 millimeter vil vera greitt til allsidig bruk i klinikken. Prisen startar på 3-4000,- kroner.

Blits: Ein må ha ein blits som treff inne i munnen sjølv på kort avstand, altså må ein ha det som heiter makro- eller ringblits. Her finst det ulike variantar i ulike prisklassar. Mi erfaring er at ein må opp i rundt 4000,- kroner for å få god nok kvalitet.

2: Lær deg dei rette innstillingane

Blendaropninga er den viktigaste variabelen ved fotografering i munn. Det er den som avgjer kor skarpt biletet vert i djupna. Om ein stiller kameraet på blendarstyrt automatikk (A) og set blendaren på f/22, får ein skarpe bilete som ikkje er for mørke. Det kan vera greitt å fotografera på litt låg oppløysing, slik at datafilene ikkje vert for tunge å lasta inn i røntgen- eller journalprogrammet. Resten av innstillingane kan kameraautomatikken ta seg av.

3: Still inn fotograf og pasient riktig

Pasient og fotograf bør sitja i høgd med kvarande. Det er ingen grunn til å stå krumbøygd over pasienten dersom pasienten heller kan reisa seg opp og venda seg mot fotografen. Gå tett på!

4: Bruk fotohaker og fotospegel

Lepper og kinn bør løftast unna for godt innsyn. Det gjer ein best med fotohaker. Dei områda som ikkje let seg fotografera ved direkte innsyn, fotograferast ved hjelp av spegel.

5: Lær deg kamerainnstillingar for portrett

Ved fotografering i munn skal kameraet stå på A,  Aperture, som er det engelske uttrykket for blendaropning. Blendaropninga skal vera relativt liten dvs. ein plass mellom f/22 og f/36. Desse innstillingane fungerar ikkje på portrett. Dersom ein heller vrir programhjulet til det grøne ikonet for heilautomatikk, så vil kameraet gje portrett i god kvalitet.

6: Lær enkel fotoredigering

Om det ikkje vert full klaff i det ein tek biletet, er det greitt å kunna skjæra til biletet eller å endra litt på lysstyrke og kontrast. Det fins mange gode program for den slags. Det enklaste er kanskje å nytta Word, som har integrerte funksjonar for dei enklaste justeringane. Ein bør gjera justeringar på ein kopi av originalen, slik at ein alltid kan returnera til utgangspunktet.

7: Sørg for god logistikk

Kameraet bør vera korrekt innstilt til ei kvar tid og ligga lett tilgjengeleg på klinikken. Det same gjeld fotospegel og –hakar. Biletet lastast inn i røntgen- eller journalprogrammet rett etter at det er teke. Sekretæren kan gjera dette medan tannlegen jobbar vidare med pasienten. Deretter slettast biletet frå minnekortet, slik at ein unngår opphoping av bilete.

8: Ta bilete av gipsmodellar

Eg vågar den påstaden at ved god fotodokumentasjon treng ein ikkje ta vare på ein einaste gipsmodell.  Bruk same innstillingar som ved intraoral fotografering. Legg modellen på ein mørk bakgrunn, gjerne svart, og knips i veg. Når bileta sidan  lastast inn i røntgen- eller journalprogrammet, vil dokumentasjonskravet vera vel ivaretatt.

9: Ver kritisk til korleis du brukar bileta

Kliniske bilete og røntgenbilete er like spesifikke som fingeravtrykk. Difor bør ein ha ein bevisst forhold til korleis bileta vert brukt. Eg meiner at pasientbilete av ulik art ikkje har noko i sosiale media å gjera, sjølv om dei vert delte i ei såkalla ”lukka” gruppe.

10: Ta backup

Dei fleste klinikkar har gode system for backup. Lenge har transportable lagringsmedium vore standarden. No finst det også gode og rimelege metodar for online lagring over Helsenett.

Også privat bør ein ha gode backuprutiner, gjerne til ein ekstern harddisk. I tillegg er det fornuftig å lagra favorittbileta i ei eller anna skyteneste, som iCloud, OneDrive, DropBox eller Flickr.

 

Lukke til!